Einars Veg - musikk og lyddesign Regi : Hans Erik Voktor

Kunde:

Substans Film

År:

2021

Tjenester:

Lyd/ musikkproduksjon

Besøk prosjektet:

Link

EINARS VEG er eit portrett av lyrikaren, essayisten, dramatikaren, barnebokforfattaren og kritikaren Einar Økland, der fjorårets 80-årsjubilant ser tilbake på eit langt liv i diktingas teneste. Gjennom openhjartige samtalar og eit rikhaldig utval av arkivopptak, får me innblikk i ei forfattarkarriere som strekkjer seg tilbake til 60-tallet, og som framleis lever i beste velgåande. For dei som ikkje kjenner Øklands forfattarskap, er denne dokumentaren eit ypparleg høve til å kome tett innpå ein av Vestlandets store diktarar. For hans lesarar, er dette ein film som utvidar forståinga av eit unikt kunstnarskap. I EINARS VEG fortel Økland ope om personane og erfaringane som har gjort størst inntrykk på han som menneske og forfattar – om oppveksten, forfattarkollegaene, tida i Profil-kretsen og dei politiske spørsmåla som skapte splid. Dette er eit intimt og openhjartig forfattarportrett, fullt av innsiktsfulle refleksjonar og kloke ord.

No items found.

Siste prosjekter